MELLOMALDER-HERBERGE
Freda langloft frå 1300 med ombygging frå 1780
 


Landets største mellomalderloft og det einaste bevarte herberge frå mellomalderen.
 


 
Frå og med kulturminneåret og Trondheim bys 1000-års jubileum i 1997 er ”Pilegrimsleden” frå Oslo re-etablert, og ein kan gå i det same landskapet som mellomalder-pilegrimen mot Nidaros og heilag Olavs katedral. 

I gildestugu er det plass til 28 (36). Meny og dekketøy er spesielt for herberget 


 

Ein bruker eigen sovepose eller lakenpose saman med herbergets saueskinnfellar. På 5 rom er det sengeplass til omkring 20 personar, halvparten på flatsenger i 3. høgda.


 
Vi serverer spesiell frokost (”mårråverd”) og middag (”nattverd”) i gildestugu.
Maten bør ein bestille på førehand og helst for ei gruppe. Ein kan og kjøpe mat i ”hotellet”.

 

Sanitære tilhøve:

Det er gamaldags utedo til herberget. 
I 1997 er det sett inn handvask slik at ein kan stelle seg etter besøk. 

For dei som absolutt ønskjer nyare fasilitetar, så er det eit ekstra  toalett 
i entreen i nedre hovudbygningen frå 1850, historisk hotell
Om ein  ønskjer ” finslegare” stil,  så  kan ein velje å 
overnatte  der med eige bad.

 

 

Alle foto Copyright:
Sygard Grytting 
 
E-post: post@grytting.com
 

Heimeside: www.grytting.com
 

Tlf: 61298588 
 

Faks: 61298510
Sygard Grytting 
N-2647 Sør-Fron

 

 

 

Web:
Geir Neverdal
www.links4students.com
www.otta2000.com