HISTORIE
Vertskap, reiseliv og landbruk

 

Slektstradisjon

Sygard Grytting har truleg tilhørt same slekt sidan 1300-talet. 

I rettsdokument frå 1534 ser ein eksempel på den 1000-årige særnorske odelslova. Garden  kjem da over på inngifta ektefelles  familie. Men i ei vidløftig ankesak  til ein  høgare rett på Hamar vinn slekta tilbake ”det faste gods”, som etter norsk lov ikkje  skal koma i ”utarv”, mens ektefelles familie  får behalde ”løsepenge” (løsøre). For å  finne rettmessige eigarar, føres slekta  tilbake til 1300-talet. 
 

Frå 1534 er Stig S. Grytting 16. generasjons  eigar i familien.
I tillegg til brukarparet, Hilde (f.1962) og Stig (1957), så  bur deira  tre søner Halvor  (1990), Iver (1992), Amund (1996) og onkelen til Stig, Hans O. Grytting på garden  (eigar 1955-1989). Hans er nå føderådskar, men  er enno ein viktig medhjelpar i  drifta. 

Hilde er utdanna ergoterapeut og har arbeidd i helseetaten i Nord-Fron kommune  1989-1996.
Stig er sivilingeniør fra NTH og  har arbeidd både for entrepenør og byggeteknisk-konsulent frå 1983-1995. 

I dag er båe fulltids opptatt med landbruk og kulturbasert nærings-utvikling/ drift  på  Grytting.
 

Gjestetradisjon 

I 1343 møtes nokre av landets mektigaste  menn i ”suemfstofuonne j Grytingh a Frone  sydra gardenom ” (dvs. svevnstova på Sygard Grytting på Fron). Det gjeld deling av  ein stor arv, der barnebarnet til kong Håkon V Magnusson, baron Sigurd Haftorson  frå Sudrheim, er den eine  arveparten. 

I 1775 beskriv historikaren Gerhard Schøning ganske detaljert ein usædvanleg  bygning i tre høgder på Grytting som ”berettes  at have  tient til kloster”. I 1785 skriv  prost Hiorthøy om munkekloster både på Grytting og nabogarden Rolstad. I dag  meiner fagfolk at det var valfarten av pilegrimar (munkar) til Nidaros som  har gjett  denne tradisjonen.. 

Svevnstova/ ”klosteret”/ mellomalder herberget  blir borte  for allmenheita  i 200 år  fordi  prosten i 1785 skriv at bygningen er ” for nogle år siden  nedrevet”. Omkring  1780 flyttes  heile tunet på Sygard Grytting  høgare opp på eigedomen. Prosten er  ikkje kjent med at storloftet frå mellomalderen  vert bygd om i det nye tunet, slik tradisjonen  er på garden. Fyrst i 1985 undersøker riksantikvaren ved Arne Berg bygningen, og  finn ut at den har finndalslaft (dvs. frå før svartedauden i 1350) og at dimensjonen er  landets  største loft frå  katolsk tid. Det kan vanskeleg tenkjast at det var fleire slike store loft på same gard utan at det vert nemnd  i 1775. 
Dei største forandringane  i 1780 med mellomalderherberget på Grytting  er svalgangen og tredje etasjen, samt vindauger og dører. 

Den som vil lese meir om storloftet kan finne det i ”Norske Tømmerhus frå Mellomalderen, Bind 2” av Arne  Berg  og  ”Ferd og  fest” av prof. Sverre Steen.

Sigrid Undset let Kristin  Lavransdatter overnatte  på nabogarden ”hos munkene på Roaldstad”.  Rolstadloftet frå 1300 er flytta til Norsk Folkemuseum.

Frå 1917-1958 er det pensjonatdrift i nedre hovedbygningen som i dag er historisk hotell . Dei marknadsførte da ”rein luft, reint drikkevatn, vel-laga og kraftig kost frå  gardens egen produksjon og naturskjønne omgivelser”. 
Velvære/Helseferie ville det heitt i dag.

Bilde av russiske tsaroffiserar på Sygard Grytting i 1917 
 
 

Restaurering og OL1994

Gjennom 1990-åra er våningshusa  nennsamt  restaurert, der det er lagt mykje  omtanke i å innpasse  komfort og  hygiene og samtidig bevare det originale miljøet.  For innsatsen vart  Hilde og Stig Grytting  heidra med ”Verneprisen 1995” av  Fortidsminneforeninga  avd Oppland. Stiftelsen Norsk Kulturarv har tildelt Sygard Grytting  sitt kvalitetsmerke ”Olavs-rosa” som borgar for tradisjon og ektheit. 

I ei praktbok frå 1996 om norske trehotell  (ISBN 82-908-2329-0) står: 

”idag er  Sygard Grytting et av landets vakreste og mest særpregede småhoteller”. ”Nå til  dags er det få garder igjen i Gudbrandsdalen der så mange av de gamle husene  fremdeles står, og dessuten er så godt bevart og pietetsfullt istandsatt som her”. 

I ei bok  fra 1998 om ”vakre gårder” (ISBN 82-512-0512) står også: 

”Sygard Grytting er  et av de best bevarte gamle gårdsanleggene i Gudbrandsdalen.” 
 
 

Dagens gjesteverksemd 

Gjesten  vert invitert ”innafor dørstokken”  og  får eit  sjeldant innsyn i ein heim og ein  ekte  historisk  gudbrandsdalsk storgard  med 20 talls tømmerhus. Alle  husa er bygd  på garden  for gardens  eige  behov og vert brukt hovudsakleg på same måte  i dag.  Dvs. at gjesten bur historisk riktig, i originale våningshus, ikkje i tilflytta  bygningar, nybygde etterlikningar eller omdisponerte  driftsbygningar. Det er 5  originale våningshus bevart, som gjer dette  muleg. Våningshusa spenner frå rustikk  umåla tømmervegg  i mellomalderloft og drengestue til  finsleg  ”herregårdstil” med  dekorasjonsmåling og tapet i  hovudbygningar. Gjestebygningane består av eit  hovudgjestehus som  var tiltenkt som ny hovudbygning rundt 1850 (”Nedre  bygningen” = midtkammersbygning), ei drengestue  ombygd i 1860 (”Karstugu” =  loft), andre  etasjen  i  den  eldste  hovudbygningen  frå siste halvdel av 1600-talet  (”Innhuset”  = treromsplan) og eit langloft frå mellomalderen. Vertsfolket bur i eigen  1700-tals bygning i inntunet. 
Uttunet med  tømra driftsbygningar vert framleis brukt til aktivt landbruk med  husdyrhald. 
 

Tidleg jordbruksbusetting

Grenda  Ryssland med Grytting  er blant dei tidlege  jordbruksbusettingar i  Gudbrandsdalen med rike oldtidsfunn, 12-14 gravhaugar og  ein  steinring frå heidensk kult. 

Garden ligg på eit platå midt i dalsida i ein lun sydvendt kvelving. Her gav  naturgrunnlaget sikre  vilkår for korndyrking og kort inneforingsperiode  for husdyr. Samtidig baud Laugen (Gudbrandsdalslågen) på gode fiskeplassar og  fjellet på vilt. 

Sør-Fron var med sitt sterke jordbruk og sentrale plassering i dalen  maktsenter for Gudbrandsdalen  gjennom  minst tusen år; dei fyrste  hundreåra  av vår tidsregning i  Rysslandsgrenda med Grytting, frå 600-1021 er Gudbrangds-ætta på Hundorp  dalens  herse. Etter møte mellom Heilag Olav og DaleGudbrand på Hundorp som vert skildra av  Snorre Sturlason  så vert maktsenteret flytta opp til garden Steig, som blir kongsgard med veitslehall og kapell.

Navnet Fron  signaliserer iflg. Oluf Rygg  ”en  frugtbar og smuk, lystig Egn, et feedt  Land, da fraudig, i det Norske Sprog, bemærker feed,  frugtbar og  Frau det samme  som Giødning, Giødske, Møg”.
 

Gardsnamn

Grytting er iflg. Oluf Rygh danna av gml.norsk grjot som betyr stein og  avleiingsending. Endinga kan vera –vin, som tyder eng, slette . Altså stein-sletteVin-namna vert rekna å vera frå folkevandringstida 200-400 e.Kr. Grytting er det eldste  namnet i grenda Ryssland som  har eit særdeles rikt oldtidsfunn frå 300.e.Kr. 

I tidleg mellomalder er Grytting  to gardar; Sygard og Nordgard. Sygard betyr altså  søre garden  og  opptrer skriftleg i 1343 slik; ”grytingh a frone sydra gardenom”. I  muntleg tale vert mest berre Grytting brukt.

Den doble  konsonanten  (tt) dukker opp skriftleg på 1500 talet og er nok dansk  påverknad. 
 

Landbruk

I dag er landbruket spesialisert til sau, korn, grasproduksjon og skogsdrift. 
I gamal tid  var drifta svært allsidig  og garden var sjølvforsynt med det meste.  Dyretalet på hovudbølet i 1865 er: 9 hestar, 34 naut, 26 sauer, 1 geit, 7 grisar pluss  dyra på 6 husmannsplassar. Fronsbygdene var frå gamalt av ”kornkammeret” i  Gudbrandsdalen. Mykje  gjekk  til  bergstaden Røros. I dalstrøka var utmarka og seter  med kraftig fjellbeite  ein  stor del av ressursgrunnlaget. I 1860-åra kjem Gudbrandsdalsosten  og blir ei gjev vare med stor verknad på økonomien i dalen. Når mekaniseringa  av landbruket skyt fart i siste halvdel  av 1800-talet blir den tunge døla-hesten attraktiv og  hesteavl  attåtnæring for fleire i midt-dalen.
 

 

 

 

Alle foto Copyright:
Sygard Grytting 
E-post: post@grytting.com

Tlf: 61298588 

Heimeside: www.grytting.com

Faks: 61298510
Sygard Grytting 
N-2647 Sør-Fron

 

 

Web:
Geir Neverdal
www.links4students.com
www.otta2000.com