KONSERT PÅ GRYTTING
FREDAG 19 JULI 2002

 

"Gå Gardmillom"

 

Velkome til Sygard Grytting fredag 19. juli

-        Eit dykk ned i historia

 

Gjennom minst 700 år har Sygard Grytting i  periodar tilbydt nattely for faste- og  vegfarande  gjester langs  hovudvegen  Oslo - Nidaros. Vandring er eit naturleg tema på denne garden som har landets einaste pilegrimsherberge frå mellomalderen og som framleis tilbyr nattely for vegfarande. Garden er i følgje bok om norske trehotell: "et av landets vakreste og mest særegne småhoteller". Garden er og kjent bl.a. frå Toppen Bechs fjernsynsserie Herskapelig. Ein kveld i sommar inviteres også andre enn overnattingsgjester innafor dørstokken til eit spesielt arrangement. 

Intimkonsert kl. 1900 – ei musikalsk og arkitektonisk ”vandring”

Gjennom fleire intimkonsertar same kvelden får publikum eit dykk ned i historia ved å flytte seg frå rom til rom og oppleve musikk valgt etter alder på romma, som spenner frå mellomalder til empire. Tilhørarane "vandrar" gjennom eit musikalsk og arkitektonisk spenn på 700 år, og kan vidare oppleve korleis stilartar vandrar frå fjerne strøk og får lokale former. Etter vandringa blir det servert gamaldags gjestebodsmat for dei som ynskjer det.

 

Tone Hulbækmo - mellomalderen

I Gildestugu i Mellomalderloftet fører Tone Hulbækmo publikum inn i den tids spennande musikalske verden. Ho har gjennom arbeidet med norsk folkemusikk og som solist i mellomalderensemblet Kalenda Maya jobba mykje med mellomaldermusikk både frå Norden og Europa elles. Repertoaret vil bestå av nordiske mellomalderballadar, trubadursanger og pilegrimssanger på veg til Nidaros.

 
Tone Hulbækmo

Tone Hulbækmo og 
Hans Fredrik Jacobsen

  

Hans Fredrik Jacobsen - barokken

I Stugu i den gamle hovudbygningen frå ca.1700 leier Hans Fredrik Jacobsen publikum inn i barokken. Han  er ein allsidig musikar, som har arbeidd med mange ulike stilartar i mange konstellasjonar. Han har mellom anna spelt sekkepipe med Norsk kammerorkester på to konsertar via til barokken. På Grytting vil vi få høre musikk frå denne epoken, og musikk med røter i barokken som har overlevd i den folkelege kulturen, spelt på ei rekke ulike fløyter.

 

Per Sæmund Bjørkum og Jon Faukstad
  

Årets spelemannsprisvinner, Per Sæmund Bjørkum og Jon Faukstad - empiren  

I Storstugu i den nyare hovudbygningen frå 1850 speler Per Sæmund Bjørkum og Jon Faukstad musikk frå empire-perioda. Begge har røter i Gudbrandsdalen. Per Sæmund er årets vinner av spelemannsprisen i klasse folkemusikk samtidig som han til dagleg er 1. fiolinist i Oslofilharmonien. Jon er professor i trekkspill ved Noregs Musikkhøgskule. Dei er kjend langt utover landegrensene for glimrande samspill, god teknikk og eit foredrag som vitnar om stor musikalitet og ektefølt speleglede.    

  

Samspel i tunet

Konserten vert runda av med vakkert og frodig samspel inne i det tette og intime inntunet.

Vi legg opp til at dette skal bli ein intim og eksklusiv konsert ved at folk får oppleve nasjonale toppartistar på nært hald i spesielle omgjevnader.

 

Servering og dans

Dei som ønskjer å fortsetja, får servert gamaldags gjestebodsmiddag, sø (fersk kjøttsuppe med krummer) og kalvedans (dessert av råmjølk) på Høgstugu (salen). 

Dersom veret tillet det, kan det bli polonese og ein liten svingom i tunet etter maten?

 

Historisk opplevingsovernatting, 15. juni-15. august

For fullstendig oppleving tilrår vi å overnatte i antikke våningshus på Sygard Grytting spesielt denne natta. Elles tilbyr vi kvar dag i perioda frå 15.juni til 15.august opplevingsovernatting med fin 3-retters middag, kaffe i storstugu, omvising og frukost. Sjå heimesida. Historisk overnatting skulle vera ein fin kombinasjon med besøk av andre gardsprogram i festivalen "Gå gardmellom".
 

 

 


Prisar:

-Trippelkonsert:  290 kr/pers
-Gjestebodsmiddag: 160 kr/pers (bestilling seinast dagen før)
-Overnatting 19.juli i antikke rom, f. eks. i store dbl.rom m/bad inkl frukost: 695 kr/pers
-Overnatting andre dagar i tilsvarande dbl. rom inkl. 3r-middag: 1095 kr/pers
-Alternativ overnatting i pilegrimsherberge: 200-750 kr/pers

Bestilling tilrådes pga. begrensa antal plasser.

Velkome!

Hilde N og Stig S Grytting

For informasjon og bestilling ta kontakt med

Hilde og Stig på Sygard Grytting,

Tlf. 61 29 85 88.  
Mob. 913 06 750. 
Fax. 61 29 85 10.  

E-post: post@grytting.com

 www.grytting.com
  

 

 

"Gå Gardmillom" 

Kombiner spanande kulturarrangement på kulturgardar i Gudbrandsdalen 
med historisk overnatting og måltider på Sygard Grytting.
 

 

 


Kombinasjonspakke:

Heil helgepakke med historisk overnatting på Sygard Grytting (max. 30-40 pers), 'vernissage' på Kleppesommeren lørdag, konsert ved Gålåvatnet med Bjørn Eidsvåg laurdagskvelden.

Det blir ca. 60 ledige billetter til folk som bor på andre stader i nærområdet.

Spørsmål og bestilling direkte til Hilde og Stig på Sygard Grytting,
tlf. 61 29 85 88. 


Kontakt Sygard Grytting:
 

E-post:
post@grytting.com

Telefon:
Tlf. 61 29 85 88
 

Heimeside:
www.grytting.com

Faks:
Faks 61 29 85 10

Post:
Sygard Grytting 
N-2647 Sør-Fron

 

Web:
Geir Neverdal
www.norwegen1.com
 
www.links4students.com
www.otta2000.com